* Knut Knutsen | Historie *
Knut Knutsen, Veblungsnes

Utdrag fra heftet "Nærsamfunn i kulturhistorisk lys, Betty Mouat si einsame reise av Roderick Grant". Utgitt av Haram kulturhistoriske lag 1986. Skrift nr. 21.


Redningsmannen Knut Veblungsnes

Knut Veblungnes. Foto truleg frå slutten av 1920-åra i den tida familien budde "bak fjellet" (Utlånt av fru Marta Hide, dotter til Veblungsnes)


(Han er døpt Knut Knutsen og født i Veblungsnes)

Knut Veblungsnes er nemnd fleire gonger i boka som ein forgrunnsfigur i høve berginga etter som han angiveleg spela ei dominerande rolle. Men også han var så vidt ein veit rorskar på Rønstad, 24 år gammal, fødd på Veblungsues, truleg i 1862.

Han budde fyrst på Veblungsnes og si dan i Ålesund. Han virka i mange år som styremann i Søndmøre Dampskibsselskab og sidan i M. R. F. og gjekk mykje på Nordøyane. På sine eldre lagar var han "flyttmann" i Ålesund. Han tok etter namnet Knudsen. For HKL vanskeleggjorde dette etterforskinga litt.

Men John Veblungsnes i Ålesund - som kjende Knudsen-familien Qg Columbine-soga - knytte kontakten med stor velvilje. Og då HKL kontakta Knut Knudsen kunne han fortelje at Knut Veblungsnes var bestefaren og at dotra Marta Hide (ikkje Hyde eller Heide, som det står) levde i Ålesund nær 90 år gammal.

Ho hadde angiveleg både medaljen og andre ting etter faren. Ein tok turen dit og fekk ein hyggeleg prat med ei svært oppvakt dame. Faren hadde foretalt om redningsdåden han var med på. Men han ynskte ikkje noko oppstyr omkring dette. Han hadde likevel teke vare på nokre engelske aviser og eit foto av Betty. Men under ei opprydding for nokre år sidan kom dette vekk, kunne fru Hide fortelje.

Ho fortalde og at ho hugsa godt tre framandkarar kom til huset i 1934 for å få faren til å vise dei strandingsstaden til Columbine. Ho fekk tak i ein viss Larsen som tolk. Ho kunne og fortelje ho hadde skriftleg kontakt med Thomas M. Y. Manson på Shetland så seint som i 1985. På sine eldre dagar budde Knut Veblungsnes på Sjømanns Kvile med godt utsyn over havet, som han hadde vore knytt til alle sine dagar. Han døydde i 1942 nær 80 år gammal og vart gravlagd på Veblungsnes.

KAPITTEL XVI

Kort etter at Betty Motiat hadde kome seg etter slaget mot karmen, såg ho nokre gutar som nærma seg over steinane på stranda. Ho byrja då å vifte med armane og rope om hjelp, og då dei var nær nok ropte ein av gutane attende og spurde om nokon av mannskapet var om bord. Betty ropte at ho var åleine. Gutane gestikulerte ei kort stund seg i mellom, og så ropte ein at dei ville skunde seg til Farstad etter hjelp.

Omlag samstundes som gutane sprang innover, runda ein 24 år gamal fiskar, Knut Veblungsnes, som var ute og skaut sel, eit framspring på stien. "Eg gjekk langs sørvestkysten på øya, og då eg kom til Jylta såg eg ei folketom seglskute nede i steinane framfor meg, tolv til tjue meter frå strandkanten. Då eg kom Opp på sida av henne, såg eg til mi største undring hovudet på ei kvinne som såg ut av kappeopninga.

Eg ropte til henne og sa at eg skulle få tak i hjelp, og starta med ein gong mot næraste garden, Rønstad, mindre enn to kilometer borte, og fekk med meg folk derifrå". Då fiskarane nådde fram til "Columbine" såg dei at skuta hadde snudd seg, og no låg med sida mot stranda. Medan ho venta på berginga hadde Betty greidd å kome seg opp, og sat no samankrøkt ved kappa.

Knut Veblungsnes tok tau rundt livet og gjekk ut i vatnet for å prøve å nå ut til skuta. Fleire gonger slo bårene han attende, og ein gong miste han fotfestet og gjekk under. Etter mykje strev fekk han tak i noko tauverk som hang frå baugen, og med dette støtta han seg mellom steinane til han kom seg om bord. Så følgde ein av kameratane etter. På grunn av språkvanskar hadde mennene og den eldre kvinna vondt for å forstå kvarandre, og det var etter mykje gestikulering ho greidde å fortelje at ho var åleine om bord, og hadde vore det i lengre tid.

I mellomtida hadde karane på land arbeidd med å få eit tau om bord. Dette vart gjort fast, og dei drog skuta fleire meter nærare strandkanten. Det var likevel framleis eit stykke att, og dei kom til at den einaste råda var å få kvinna i land med hjelp av tau. Betty fortalde seinare korleis dei feste eit tatu rundt livet på henne og kasta andre enden på land. "Så løfte dei meg over baugen og fekk meg til å halde i tauet som dei hadde drege "Columbine" nærare land med, og som dei no heldt stramt.

Medan eg hang i lause lufta kava eg meg fleire meter hand over hand til eg fekk hjelp av to mann som stod til livet i vatn, og dei greip meg i armane. Eg måtte i sjøen til midja, og så bar dei meg i land". Sjølv om dette var slik Betty skildra berginga til journalisten i The Scotsman, fortel Knut Veblungsuer ein annan versjon i ein samtale med ein forretningsmann frå Lerwick, G. T. Kay, førtiåtte år seinare.

Han fortalde då korleis han festa det andre tauet rundt seg sjølv, og "eg festa så Betty Mouat til meg, og begge vart hala gjennom sjøen og over steinane. Vi brukte det første stramme tauet å halde i, men det var ikkje høgt nok til å halde oss begge over vatnet". Det må og seiast at i dei seinare år hugsa ikkje Betty Mouat berginga heilt slik ho hadde fortalt om den til journalisten. Men ho heldt fast på at ho vart dregen åleine gjennom sjøen.

Korleis berginga enn gjekk føre seg i detalj, så var den i alle høve ein dåd. Det var motet til dei to fiskarane som kjempa seg om bord i "Columbine" og greidde å få den seksti år gamle kvinna i land. Og framfor alt var det kor uthaldande ho sjølv var, dag etter dag og natt etter natt åleine på havet utan mat og med lite søvn. Trass i dette greidde ho å finne nye krefter, som hjelpte henne i det minste litt av vegen då berginga kom.

Oppdatert den 05. jul 2013 Magne Heen -- mailto:Magne Heen 11/01-97